Wednesday, September 19, 2007

Microsoft, forlag og drivhuseffekten

Microsoft, forlaga og oljelobbyen har gått tomme for argumenter og Fear, Uncertainty og Doubt (forkorta FUD). No er det øyrebiting og slag under beltestaden som gjeld. Microsoft har tydelegvis hatt lukka med seg på fisketuren etter Oh Oh xml røyster i Kazakstan, Columbia og Congo, pluss ein del andre statar. Eg var ganske nyfiken for nokre veker sidan då eg las dette:

Interestingly, while 13 countries have publicly announced their votes, not one of the new 11 P members has thus far revealed how it has cast its vote. As I have pointed out in several recent blog entries, (the latest is here), it will be very interesting to see how these last-minute additions to the P membership cast their votes. Those new P members, once again, are Cote d'Ivoire, Cyprus, Ecuador, Jamaica, Lebanon, Malta, Pakistan, Trinidad and Tobago, Turkey, Uruguay and Venezuela.
9 av desse 11 røysta for utan at til dømes It-departementet i Pakistan ante noko om dette til dømes. Sjå her

Det nyttar ikkje å seie at dette er berre "business as usual". Kva skal ein med ISO viss ein berre kan kjøpe seg bananrepublikkar til å røyste. Dette er undergraving av viktige institusjonar.

No er det sjefen for antitrust kontoret i USA som klagar på EU-domstolen si avgjerd om at Microsoft er monopolist. EU bad han halde tåta :-) Liknande som den amerikanske domstolen kom fram til i 2001, men så kom Bush til makta og tilsette Microsoft advokaten som leiar for antitrust kommisjonen. Artig utvikling på børsen forresten. No er det mindre enn 100 mrd usd som skiller Google og MS.

PRISM er slakta i filler, dei endra sidene sine for nokre dagar sidan, det er litt artig. Her var David Dezenhall hyra inn som ein slags Goebbels. Veldig bra innsats frå ein gjeng tullingar som har dumma seg loddrett ut.

Bush fekk kjøpt ein gjeng liksomforskarar han også for å tvile på drivhuseffekten, akkurat som han greidde å inbille verda at det var demokrati og masseøydeleggjingsvåpen han var ute etter i Irak. Eg trudde halvvegs på denne Saddam-historia sjølv. Greenspan er tydelegvis i tvil han også.

Eg er litt liberalistisk for tida, men å blande liberalisme med Microsoft, oljelobbyen, forlagsindustrien og liknande er fullstendig på bærtur.

Her på berget så har det kome ut ei artig bok om BA-HR advokatfirma, Fleischer si bok er også utruleg interessant, her er det fleire hundre sider med skikkeleg underhaldande åtak på korrupte og halvkorrupte juristar, les den. Lawrence Lessig skal ta seg av denne type korrupsjon me har sett mykje av i desse siste åra. Har veldig tru på dette. Ein slag "lovleg korrupsjon" som undergrev det kapitalistiske systemet og demokratiet.

For å seie det slik, skilnaden på såkalte bananrepublikkar og vestlege demokratier er ofte veldig liten når det kjem til korrupsjon og "klan-tenkjing". Berre sjå på kor lett ISO-institusjonen i Sverige lot seg kjøpe. Det var niks problem, bortsett ifrå at det vart oppdaga og prøvd bortforklart med at "ein eller annan leverte to røyster istadenfor ein".

Men no visar alle trendar at det går i rett retning, SCO er så å seie i gang med krampetrekningane (verd 4 mill usd i skrivande stund), Microsoft stupar på børsen (verd 268 mrd) (alle veit at OS'a deira og Office er i ferd med å rakne), PRISM er så skamfert at dei neppe eingong går gjennom eit korrupt senat i USA eingong, open access har hatt solid vekst over fleire år og antal land og fond som sluttar seg til har nådd "kritisk masse", GNU/Linux og ODF er ustoppelege når Sun, IBM og Google legg breidsida til.

Ok, det var alt eg fekk tid til på ein lånt PC, har sagt opp breiband og brukar tida på toåringen min for tida.