Wednesday, October 20, 2010

Kjell Lars Berge sin argumentasjon mot Huitfeldt

Kjell Lars Berge og hans mange støttespelarar ser ut til å ta i bruk "målet heilagar midlet"-tankegang for tida. No er det ikkje berre barneporno og terror ein vil til livs med Datalagringsdirektiver. No skal bevaring av språket verte det som legitimerar forlaga sine ynskjemål om privilegier og økonomisk støtte, for å bevare demokratiet og yttringsfridomen.

Det er tydelegvis ikkje grenser for kor viktig det er å bevare privilegiane til det gamle kulturfinansieringssystemet. Eg er ikkje overraska over at dei same folka har null problemer med å ofre yttringsfridomen med Datalagringsdirektivet, Acta, Ipred etc.

Me har altså med ein kulturelite som jamt over har eit veldig lite gjennomtenkt praktisk og etisk nivå, syner tydeleg at dei manglar evna til å tenkje i proporsjonar og nyansert.

I artikkelen i Dagbladet 19.10 "Vil kneble Språkrådet" http://www.dagbladet.no/2010/10/19/kultur/debatt/debattinnlegg/sprakradet/13904103/ visar Kjell Lars Berge at han eigentleg er interessert i å vidareføre gamleg forretningsmodellar og privilegier i kulturlivet, under dekkje av at språket er grunnlaget for demokrati og yttringsfridom. Ok, språk er viktig, men det får vere måte på. Å blåse opp Språkrådet si rolle som nærmast ein garantist for kunnskap, yttringsfridom, levande språk og demokrati er heilt ute av proporsjonar.

At til dømes den norske Wikipediaen sansynlegvis er langt meir effektiv for å bevare det norske språket enn dei fleste av privilegia som Berge foreslår er nok eit døme på kor einauga og unyansert han er på norsk språkpolitikk.

Då Per Egil Hegge måtte forklare han skilnaden på å skulde folk for lygn og seie at dei tøvar, så viste han at me eigentleg har å gjere med ein person som er oppteken av å overtyde framføre å stå for det han eigentleg driv med.

I diagogen Gorgias, så avkledde Platon retorikarane (talekunstnarane) og viste at dei eigentleg ikkje kunne stå for det dei sa. Filosofane vant. I går på Aktuelt vant Per Egil Hegge over talekunstnaren Berge som måtte fossro etter å ikkje ha nytta sjansa han fekk av Hegge til å koma med ei orsaking.

Det er forøvrig deprimerande at store delar av kulturnoreg er så lotteleg prinsipplause at dei kritiserar Huitfeldt for å undergrave yttringsfridom på grunn av at ho ikkje støttar Store Norske Leksikon, medan dei sjølve går inn for totalovervaking av vanlege borgarar og ein totalfjerning av pressa sin bruk av løynde kjelder. At det går an?!