Thursday, March 12, 2009

Yttringsfridom i dag

På denne dagen om yttringsfridom så vil eg nytte høvet til å blogge om saker som eg meinar er langt meir alvorlege åtak på yttringfridomen enn karikaturteikningar. I EU så har ein innført fleire lovar som gjer at politiet har lov til å overvåke borgarane sin aktivitet på internett på lik linje med terroristar. IPRED loven er ei forkorting av Intellecutal Property Rights Enforcement Directive, og gjer at dei som meinar dei er fornærma kan drive etterforskning på eiga hand, og ikkje politiet, og bryt med eit viktig rettsstatsprinsipp i så måte. Platebransjen og forlagsbransjen har vore ein pådrivar bak denne lova. Dei gjentek gong på gong at å laste ned ei musikkfil på internett er det same som å stele ein banan i butikken. Dette er feil på minst to måtar. Stel ein bananar i butikken så vert det mindre bananar i butikken, og meir bananar i lomma til tjuven. Lastar du ned ei fil på internett så er det like mykje av fila som før ein gjorde det. For det andre så er bananar fysisk eigedom, og det vert handtert under rettsprinsippa som har med menneskerettar å gjere. Såkalla intellektuell eigedom vert sortert under rettsprinsipper som har med samfunnskontraktmodellen å gjere. Platebransjen vil ikkje snakke om denne samfunnskontrakta sidan det er openberrt at den er mogen for revisjon for lenge sidan på grunn av internett som distribusjonsform. På toppen av dette så pressar platebransjen på for å bryte ned viktige rettsprinsipper som at fornærma ikkje skal drive etterforsking. Slik ser ein at kommersielle interesser bryt ned personvernet og rettstryggleiken for borgarane fordi dei har pengar.

http://www.nrk.no/magasin/spiller/1.6499078