Tuesday, September 26, 2006

Biblioteksreform 2014: tafatt og lettvindt

Biblioteksreform 2014 er skumma gjennom, og her er nokre kritiske (surmaga:-) merknadar:

Ting går for tregt. Den strategiske kunnskapen for å lage ein slik rapport har vore tilstades i fleire år.

Til dømes er det ein grunnleggjande motsetjing i å understrekje humankapitalens rolle for samfunnet, kor viktig kunnskap er for utdanningssystemet bla bla bla.. når det går så usansynleg tregt i å avgjere hovudsstrategien. Dette minnar for mykje om at Stortinget skal drive flatskjermproduksjon på Fornebu. Når dei endeleg har krangla ifrå seg så har det gått ti år, og då er det rett og slett for seint.

Men verst av alt, denne treheita er faktisk lagt inn i tidshorisonten for gjennomføringa av tiltak!

Det er greit at offentleg sektor ikkje kan oppføre seg som Ericsson og sparke alle som er over 35 år, men no er det snart vel på tide at også offentleg sektor girar om til kunnskapssamfunnet?

Så litt om innhaldet: Sjølv om det var mykje positive tiltak og erkjenningar, så var det mykje lettvint også.
"Bærebjelkane" som skal til for å "sprikre opp" alt det som listast opp av ynskjemål. Så lenge "Trusted computing" og "Digital rights management" kan overstyre alle dei fine tankane om tilgjenge blandt dei ulike gruppene i samfunnet samt for ettertida så meinar eg at dette burde ha hatt ein sjølvsagt plass i ei biblioteksutgreiing. Ikkje berre at dette skal Nasjonalbiblioteket syssle med, og ferdig med saka.

Til dømes: teknologi går ikkje ut av copyright slik som bøker, og med lisenssystemet og DRM så risikerar ein at innhaldet aldri vil koma inn i det offentlege domenet.

Når det gjeld tekniske, juridiske og økonomiske problemstillingar for bibliotekvesenet, så er nok biblioteksektoren i Noreg (med visse unntak), synd å seie det, ein lågkompetent bransje sjølv om mange har lyst til å framstille den som det motsatte.

Det verkar som at rapporten speglar at ein ikkje har kompetanse til å greie ut korleis patentar på programvare til dømes kan påverke framgangen i biblioteksektoren, men brukarvanar og slikt som er langt lettare å seie noko om får stor plass.

"Knowledge management" med overordna strategiske tiltak såg eg lite av, derimot mange lause framlegg til tiltak.

På feltet "open access" så er det nok eit døme på at norsk biblioteksektor gløymer at tida er ein sjølvstendig faktor:
"All norsk offentlig forskning skal
være tilgjengelig i åpne institusjonsarkiv innen 2010."
Dette skulle vore på plass i dag, kvifor måtte bruke over 3 år på dette? Denne tregheita er ikkje i samfunnets interesse i alle fall.

Når det gjeld lagringsformater, kvifor har ikkje norsk bibliotekssektor gått inn for OpenDocument Format slik som dei amerikanske forskningsbiblioteka og andre nasjonale biblioteksorganisasjonar i USA? Er det ein naiv og gammaldags holdning om at ein ikkje skal bry seg med det private næringslivet som gjeld?

Ok, litt feilslått næringslivskritikk er komen med, slik som kritikken mot Google og engelskdominansen. Men kvifor kan ikkje Google få lov til å skanne norske samlingar slik at me kunne unngå denne "engelskdominansen"? Dette gjer dei jo gratis, og me får behalde originalen. Nei, istaden så skal dette gjerast for skattebetalarane sine pengar. Det kostar Google mellom 1-2 dollar per bok å få den skanna, medan OpenContent Alliance har utgifter på over 30 dollar. Trur nok Nasjonalbiblioteket kjem opp i noko liknande ettersom rekninga kjem på bordet. Tippar forlaga og forfattarforeininga har hatt mange ord med i laget, på bekostning av skattebetalarane.

Ein ting eg ikkje har skjønt, og det er kvifor venstresida i norsk politikk vert oppfatta som biblioteka sin redning. Dei viktige "bærebjelkane" som open access, fri programvare og opne standardar er jo apolitisk, og når Magnus Marsdal snakkar om nasjonal digitalisering så lurer eg på om han tenkjer på prislappen. La Google gjere jobben gratis.

Her er forresten nokre interessante lenkar: http://www.brunei-online.com/bb/wed/sep20h39.htm
http://www.ed.gov/about/bdscomm/list/hiedfuture/index.html

No comments: