Sunday, January 28, 2007

Akademia ikkje lenger i tet

JonblOGG har eit veldig bra innlegg om e-læring og korleis utdanningssektoren ikkje greier å henge med her. Eg meinar at Universitetene må opne seg opp mot omverda i langt større grad. Det burde til dømes verte eit viktig moment for karaktergrunnlaget å skrive oppgåver som har aktualitet, og gje karakter på korleis studentane greier å tileigne seg lærdom frå kva som foregår på forskningsfronten. Ein kan godt seie at slik har det alltid vore, men når ein går nærmare etter i saumane så er det lite premiering for å vite om forskning som ikkje er publisert i vanlege trykte bøker og tidsskrifter. Ein kunne også arrangere videokonferansar for studentar, og bruke dette som grunnlag for eksamensoppgåver. For samfunnsøkonomi kunne ein til dømes laga ei konferanse med Standford om bruken av konkurranseloven mot XAML er samfunnsøkonomisk optimal? Dette ville vore ypperleg trening i å bruke den samfunnsøkonomiske verktykassa, og studentane ville måtte bruke bloggar og forum for å gripe an problemet, akkurat som samfunnsøkonomane i den verkelege verda må gjere. Dessutan er det vanskelegare å jukse sidan det ofte er lite ferdig stoff på slike nye tema. Her er nokre gode refleksjonar frå Jon Hoem:

"Samarbeidslæring står for tiden sterkt innen sosiokulturell og konstruktivistisk pedagogisk teori, en retning som er populær ved mange tradisjonelle undervisningsinstitusjoner.

Problemet med tradisjonell samarbeidslæring er at den ikke skalerer særlig godt."

"En rekke kommersielle aktører har skjønt dette, at brukeraktivitet, sosiale funksjoner, og brukergenerert innhold har egenskaper som folk finner stadig mer interessante. I første omgang når dette underholdningsmediene, noe som understrekes av at både avissalget og fjernsynsbruken går dramatisk ned. Dette handler om tidsbruk og informasjonstilgang, en utvikling som også vil påvirke utdanningssektoren, selv om denne lever en ganske beskyttet tilværelse."



No comments: