Sunday, January 28, 2007

Andbudsrunder på universiteter

Anbudsrunder i det offentlege er trege saker, og ofte vert kravspesifikasjonar skrive av folk som ikkje har fylgd så godt med dei siste åra, dvs. folk som oppdagar mashup-omgrepet for fyrste gong slik rundt 2010:-) ikkje noko negativt med folka, mange av mine nærmaste vener er ikkje akkurat teknofrikar. Her er ein artikkel om "It's Learning" frå NTNU, og her ser ein at anbudsrunda var for fem år sidan, og ein kan rekne med at dei hadde brukt eit par år på å vurdere tilboda, samt at det var litt etterslep på kunnskapen om alternativa. Det er kanskje 7-8 år gamle vurderingar som vart lagt til grunn for at studentane i 2007 skal bruke denne læringsplattforma. Er dette noko å halde på med? Kunne ein ikkje berre gå over til Google Apps for education med ein gong, og få alt saman implementert gratis på eit par veker, og ende opp med 2007-teknologi som fungerar utruleg bra?

– Det vi kan si er at vi har en kontrakt vi er fornøyde med, og som er nøye vurdert ved inngåelse. Den var vurdert etter en anbudsrunde i 2002, hvor It's Learning kom best ut, sier hun.

No comments: