Wednesday, January 13, 2010

Motstanden mot internett og massane sin visdom

Det verkar som at det har utvikla seg eit depressivt syn på verda hos enkelte frå forlagsbransjen. Argumentasjonen verkar veldig urealistisk, men likefullt så ser det ut til at denne irrasjonelle omverdsforståinga har overtaket i visse bransjer og blandt ein del politikarar.

Difor er det artig å sjå kva dei gløggaste i av motstandarane mot Creative Commons og liknande har å seie.

I dag leste eg artikkelen "The Madness of Crowds and an Internet Delusion" og kikke litt rundt på sidene til Stan Liebowitz og Jaron Lanier. Det skulle vise seg å vere ganske syltynne argumenter må eg seie. I omtala av boka hans "You are not a gadget" på Amazon står det fylgjande:

"Something went wrong around the start of the 21st century. Individual creativity began to go out of fashion. Music became an endless rehashing of the past. Scientists were in danger of no longer understanding their own research. Indeed, not only was individual creativity old-fashioned but individuals themselves. The crowd was wise. Machines, specifically computers, were no longer tools to be used by human minds – they were better than humans. Welcome to the world of the digital revolution."

http://www.nytimes.com/2010/01/12/science/12tier.html

Var litt interessant å koma over desse lenkene fordi det visar kor oppkonstruert og frårive frå realitetane argumentasjonen er frå empiriske, geografiske og historiske fakta. Til dømes verkar det som det er kun i ip-regulerte områder i verda kultur og ekte vitskap kan eksistere. Akkurat som at Afrika og Latin-Amerika er tomt for kultur, at Wikipedia og open source eigentleg ikkje finst, (og viss desse fenomena finst så er dei dømt til å dø) eller at kultur og vitskap ikkje eksisterte før ein fekk innført copyright.

Må vere utruleg depressivt å måtte ty til så mange halmstrå når motparten er stappfull av suksesshistorier. Spådommen om at open source aldri kom til å få serleg utbreiing viste seg i alle fall å ikkje slå til, og verda har ikkje gått under heilt enno på grunn av denne.

"We show that the total amount of source code as well as the total num­ber of open source projects is grow­ing at an expo­nen­tial rate. Pre­vi­ous research showed lin­ear and qua­dratic growth in lines of source code of indi­vid­ual open source projects. Our work shows that open source is expand­ing into new domains and appli­ca­tions at an expo­nen­tial rate."

http://dirkriehle.com/2008/03/14/the-total-growth-of-open-source/

No to år etterpå så tenkjer eg veksten berre aukar og aukar i stadig raskare fart.

No comments: