Tuesday, May 31, 2005

SV - Du kan fortsatt bruke MP3-spilleren din

SV - Du kan fortsatt bruke MP3-spilleren din: "En teknisk sperre kan være en kopibeskyttelse, for eksempel på en lydfil. Problemet er at det også godt kan være en avspillingssperre, som sikrer at Microsoft sine formater ikke kan spilles på annen programvare enn deres egen. Utviklere av programvare basert på åpen kildekode frykter med god grunn at dette vil medføre at de ikke får utvikle avspillingsutstyr for sine systemer."

Min kommentar: 10-0 til platebransjen og Microsoft/Apple. Graturlere med å ha klart å narra endå ein nasjon trill rundt :-) No er det vel konkurranselova som skal hindre misbruk av marknadsmakt, men det er ingen konkurransetilsyn i verda som har klart å ta innersvingen på Microsoft det minste. Det var interessant å sjå Ap og regjeringa sine sanne ansikt demonstrert så krystallklart vegra seg å utfordre EU og Microsoft. Denne lovprosessen er eit prakteksemplar på at sjølve dei økonomiske økosystema får vere i fred uansett kor konkurransefiendtlege dei er, og så innrømmar ein forbrukarane og skattebetalarane ubetydelege gevinstar.

Eg har vore EU-sympatisør i 7 år, og har framleis tru på EU og Lisboa-planen. Det er berre to ting som er problemet: For det er at EU legg opp til ei storstilt Lisboa-plan om å skape vekst på bekostning av andre regionar, det vil seie ein utruleg feig plan. For det andre, dei har tenkt å skaffe seg verkemidla til dette gjennom ein heilt utruleg udemokratisk prosess som ikkje står tilbake for praksisen i bananrepublikkane. Minister Bernt Bentsen i Danmark fekk mandat frå det danske Folketinget for å stoppe mjukvaredirektivet i EU-kommisjonen, men på møtet så unnlot han å fylgje mandatet han hadde fått. Sambandet mellom folket og deira representantar er med andre ord kappa av i Danmark. Eg tenkjer med gru på at Noreg sansynlegvis ville ha kome opp i same situasjon dersom me hadde vore medlem av EU i dag. I Noreg så jobbar Grethe Knutsen for næringslivet, Grete Faremo for Microsoft og Grete Berget for norsk medlemsskap i EU. Kva har slike lobbyistar å seie for Arbeidarpartiet?

Det er tydelegvis eit elite-problem i Noreg slik som i Frankrike, og det er vel snart på tide å få brote opp desse banda. Fyrst og fremst for å få gitt den tredje vera ei reell mulegheit til økonomisk vekst via handel og elektronisk infrastruktur, men også av interesse for norske forbrukarar og skattebetalarar. Forholdet til USA ville sjølvsagt vorte veldig dårleg, forholdet til EU ville nok også gått i vasken, men problemet er jo nettopp at det norske demokratiet har havna i lommene til storkapitalen og byråkratane i EU-kommisjonen. Denne gisselsituasjonen tærar på demokratiet og vil før eller seinare føre til eit folkeleg opprør slik som i Frankrike. Spesielt dersom den medfører at me tapar i konkurransa med USA og Kina/India. Det er rett og slett umogleg å møte så store samfunnsomveltningar som globaliseringa VIL medføre utan at folket har kjensla av å ta del i avgjerdene. Det er overraskande mange som har skjønt maktspelet her i Noreg, så det skal verte spennande å sjå kva slags utslag det gir til valet. SV, RV og Frp er tydelegvis partier som har minst med etablerte edderkoppnett å gjere sjølv om ein kan stille seg skeptisk til realismen i ein del dei har på programmet. Uansett så er demokratiet grunnvollen for fridom og tryggleik, så her gjeld det å vere obs.

No comments: