Friday, March 12, 2010

Filosofane (wikipedia) mot sofistane (Store Norske Leksikon)

Store Norske Leksikon har fått nei til statstilskott for vidare drift. Her er utdrag frå pressemeldinga:

"Pressemelding. Store norske leksikon avvikles 1. juli som en forlagseid tjeneste - Vil et norsk nasjonalt leksikon få leve videre som stiftelse med offentlig finansiering?"

http://snl.no/Pressemelding

På meg så verkar det som ein kamp mellom sofistane og filosofane i Platons Gorgias. Denne boka satte ord på kampen mellom sofistane, som meinte at å overtyde var viktigare enn å søkje sanninga, og filosofane som meinte at å søkje sanninga var det viktigaste. Store Norske Leksikon støttar seg på at dei er veldig "autoritære", og er difor veldig vitskaplege.

Undervisning i sokratisk metode har vore eit grunntema for all vitskapleg aktivitet sidan Platon. "Science" tydar å studere, og i alle gode vitskapelege miljøer så er det ein føresetnad å fylgje desse metodene for å verte teke seriøst.

Då eg var inne LeMonde Diplomatique i dag og leste artikkelen "Massenes visdom eller ekspertisens endelikt?" av Mathieu O’Neil, så vart eg difor veldig overraska over at ein tydelegvis oppegåande forskar skreiv dette: "På Wikipedia erstatter «verifiserbarheten» sannheten." og at "Målet med et leksikon er sannhet. Det har ikke et politisk, men et vitenskapelig mål."
http://lmd.no/index.php?article=11871

(Le Monde Diplomatiqe er forøvrig ei knallbra avis. Noregs definitivt beste kafeavis, kvar einaste artikkel omtrent er super, og den har ein kul miks av fritt innhald, abonnement og direktekjøp. Denne avisa passar perfekt å ha på dei komande tablet-dingsane fordi kvaliteten på artiklane er ekstremt høg i forhold til vanlege aviser.)

Det verkar også som at dei som står bak pressemeldinga frå Store Norske Leksikon ovanfor ser på seg sjølve som forvaltarar av "den store sanninga" når dei skriv implisitt at SNL "oppfyller grunnleggende krav til en nasjonal kultur- og kunnskapsinstitusjon.", eller at dei implisitt kan tilby "kvalitetssikrede autoritative kilder" eller at dei er siterbare med "grunnleggende krav til sitering og kildehenvisning". Leksikona hadde ein heilt annan status på 17- og 1800-talet, og det er tydelegvis denne gamle statusen dei prøvar å blåse liv i. Wikipedia tek ikkje mål av seg å presentere "sanninga", og denne audmjuke haldninga er minst like vitskapeleg som SNL sitt litt grandiose sjølvbilete.

"The threshold for inclusion in Wikipedia is verifiability, not truth—what counts is whether readers can verify that material added to Wikipedia has already been published by a reliable source (see below), not whether editors think it is true."
http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Verifiability

Forskarar skal tilvise til primærkjelder fyrst og fremst, og skal ein bruke sekundærkjelder så er det som regel litteraturoversiktar som har gjennomgått fagfellevurdering i spesialiserte tidsskrifter, bøker eller nettstader ein gjerne nyttar. Skal ein tilvise til ein leksikonartikkel så gjer ein det som regel som ein sørvis for lesaren, ikkje for å vise til primærforskning. Slik var det kanskje ikkje for ei stund sidan, men slik har det vorte.

Ordet kvalitetssikring er også, meinar eg, feil omgrep å bruke om noko som har med vitskapeleg produksjon å gjere. På engelsk så nyttar ordet "quality controll" eller "peer review" som tyder fagfellevurdering. Kvalitetskontroll er langt meir presist ord. Kva betyr det at informasjon er kvalitetssikra? Er kvaliteten sikra?

I Wikipedia er det forbode mot originalt innhald, og alle viktige opplysningar skal ha ei direkte tilvising til primærkjelder. Wikipedia er med andre ord fundert på grunnleggjande prinsipper om å vise til fagfellevurdering UTANFOR leksikonet, eller etterrettelege faktaopplysningar. Wikipedia fylgjer difor vitskapleg tradisjon ved å spele på lag med den sokratiske metode ved klokeleg ikkje blande seg inn det kvalifiserte lesarkrinsar driv med. Massenes visdom i wikipedia dreiar seg om å verte samde om kva slags kjelder som eignar seg som grunnlag for å skrive eitt eller anna, ikkje arbeidsprosessar som i ein tradisjonell fagredaksjon.

Mathieu O’Neil kritiserte verifiserbarheit som eit dårleg alternativ til nøyaktigheit. Problemet er at dersom ein går inn på å gjere leksikonartikkelen som ein stad å publisere originalt innhald og slakkar av på krava om verifiserbarheit, så vert det vanskelegare å oppfylle kravet om nøytralitet. At Store Norske Leksikon har andre arbeidsformer enn Wikipedia treng ikkje bety at dei er kvalitetsmessig betre. Det er mange kompromisser som må gjerast når ein skal fastsetje reglane for leksikonartiklar.


""No original research" is one of three core content policies, along with Neutral point of view and Verifiability. Jointly, these policies determine the type and quality of material that is acceptable in articles. They should not be interpreted in isolation from one another, and editors should therefore familiarize themselves with all three."
http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:No_original_research

Dersom det er nokon som ynskjer å lage tradisjonelle syntetiserande leksikonartiklar så går det an å nytte Scholarpedia eller dei kan organisere finansieringa av SNL ved hjelp av donasjonar frå Fritt Ord eller slik Wikipedia gjer med innsamling. Store Norske Leksikon kunne argumentert langt betre for seg, men sjølv om dei hadde gjordt dette, så ville dei ikkje greidd å overtydd meg om at dei fortener statsstøtte.

Når dei vel å rakke ned på ein konkurrent som alltid har måtte klare seg utan statsstøtte, og som har arbeidsprosessar som gir provbar minst like god kvalitet så seier det litt om kor dårleg tru dei har på seg sjølve.

Når dei attpå til vel å ordleggje seg populistisk og ikkje som ein vitskapeleg redaksjon ville gjordt, så seier det meg at dei ikkje har den vitskapelege integriteten som dei hevdar at dei har i bøtter og spann.

Kanskje litt meir piratjakt, utvida vernetid på opphavsretten, totalitær sensur er vel så fruktbart å ta med til kulturministarens bord neste gong dei har møte? Når Wikipedia får fortsetje så går jo kulturen til grunne fullstendig. Heile den siviliserte verda står i fare :-)

1 comment:

Espen said...

Tiltredes!